|
Nyheter: |
TILBAKE TIL.....INNENRIKS 2002
SISTE NYTT...INNENRIKS
UTENRIKS
|
Pressemelding fra kulturdepartementet - radiokonsesjonen til kanal4
Kanal 4 er tildelt konsesjon for riksdekkende reklameradio, det betyr at
P4 Radio Hele Norge mister sin konsesjon. Les pressemeldingen fra kulturdepartementet nedenfor:
|
|
|
RADIONYTT.NO - 20.12.02 - KYRRE DAHL
Kultur- og kyrkjedepartementet har i dag vedtatt å gi Kanal4 AS
konsesjonen til riksdekkjande reklamefinansierte radiosendingar i det fjerde riksnettet i FM-bandet.
- Departementet har gitt konsesjonen til den søkjaren som har dei mest ambisiøse og varierte planane i
høve til allmennkringkastingsoppdraget. Med denne konsesjonstildelinga får vi ein riksdekkjande radiokanal
med redaksjonelle ressursar spreidde rundt i heile landet og med klare mål om å gi lyttarane eit breitt
tilbod. Selskapet legg opp til eit spanande radiotilbod og til å utfordre NRK med solide journalistiske
ressursar, seier statsråd Valgerd Svarstad Haugland i samband med konsesjonstildelinga til Kanal4 AS.
Departementet har gjort ei grundig vurdering av dei seks søkjarane til konsesjonen. I vurderinga har ein
lagt særleg vekt på realistiske og forpliktande planar om allmennkringkastingssendingar.
Departementet har også vurdert om søkjarane har dei økonomiske ressursane som skal til for å drive
radioverksemda i samsvar med planane.
Konsesjonsperioden for denne konsesjonen er 1. januar 2004 til 31. desember 2013. Tidleg i 2003 vil
departementet lyse ut ein radiokonsesjon til, med noko lågare dekning enn den Kanal4 får.
Konsesjonstildelinga vil etter planen skje i siste halvdel av 2003, og den nye konsesjonæren kan vera
på lufta samstundes som Kanal4 startar sine sendingar.
Debatten er i gang på Radionytt.no`s diskusjonsforum
LES OGSÅ: P4 mister konsesjonen
LES OGSÅ: P4 saksøker kulturdepartementet for en milliard
LES OGSÅ: Kanal 4 lover nytt "P4-produkt"
LES OGSÅ: "Har ikke tatt hensyn til hva P4 har sendt tidligere"
| | |