Nyheter:
TILBAKE TIL.....INNENRIKS 2005    SISTE NYTT...INNENRIKS   UTENRIKS

Vil innføre gebyr for feil programinnhold

Kulturdepartementet vil innføre gebyr for radio og tv-kanaler som ikke overholder konsesjonsfoprliktelsene





RADIONYTT.NO - 15.04.05 - KYRRE DAHL
Pressemelding: Betre kontroll med innhald i kringkastingsprogram

Regjeringa foreslår meir effektive og fleksible sanksjonar mot kringkastarar som bryt reglane for programinnhald. Det går fram av Kultur- og kyrkjedepartementets framlegg om endringar i kringkastingslova som vart lagt fram i dag.

Medietilsynet kan i dag gi kringkastarane gebyr ved brot på reglane om reklame og sponsing. Departementet går inn for at brot på reglar om programinnhald, konsesjonsvilkår og kabeldistribusjon også skal kunna sanksjonerast med gebyr.

- Vi ønskjer å sikra at kringkastarane overheld krava til programinnhald slik at publikum får det kringkastingstilbodet dei har krav på. Difor foreslår vi no nye og meir effektive sanksjonsreglar, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Skjult reklame

Ny fjernsynsteknologi som gjer det mogleg å "hoppa over" reklameinnslag, kan føra til skjulte reklamebodskapar inne i programma. Det er behov for å gjera dei noverande reglane klarare. Departementet foreslår difor å ta inn eit klart forbod mot skjult reklame i kringkastingslova. I framlegget er det lagt stor vekt på at verkemidla ikkje skal vera i strid med prinsippa om ytringsfridommen og redaksjonell fridom.

Vidaresending av ulovleg innhald

Kringkastingslova gir i dag Medietilsynet høve til å forby kabeleigarar å vidaresenda visse program med ulovleg innhald, til dømes pornografi og vald i strid med straffelova. Framlegget vil gjera reguleringa teknologinøytral, slik at Medietilsynet også kan stansa vidaresending av ulovlege program via satellitt.

Kanalval i kabelnett

Departementet foreslår å oppheva ordninga med at Medietilsynet er tvisteløysingsorgan når det er usemje om val av fjernsynskanalar i kabelnett. Medietilsynet skal i staden få høve til å krevja omval dersom abonnentval ikkje har skjedd i samsvar med reglane for slike val. Samstundes vil departementet be Medietilsynet om å laga forslag til nye reglar for abonnentval. Dei nye reglane skal fastsetjast i forskrift og må ut på eiga høyring. Reglane skal vere enkle å praktisera for kabeleigarane og gjera valet reelt og lettfatteleg for abonnentane.




 SE OGSÅ:

Kommisjonen fortsetter på Kanal 24
15.04.05

 SØK:


powered by FreeFind

 TIPS:

Har du et tips til oss?

Post@radionytt.no