Annonser:



 Nyheter - Innenriks:
TILBAKE TIL.....INNENRIKS 2006    SISTE NYTT...INNENRIKS   UTENRIKS

Lokalradio-utlysning på nyåret

Medietilsynet varsler at de vil lyse ut nye konsesjoner for lokalradio på nyåret. Konsesjonene vil gjelde fra 2008


RADIONYTT.NO - 01.09.06 - KYRRE DAHL
Pressemelding: Ny konsesjonsperiode for lokalradio tek til 1. januar 2008. Medietilsynet har no sett i gang arbeidet med å utgreie og fastsetje rammevilkår for den nye perioden etter nærare mandat frå Kultur- og kyrkjedepartementet.

Mellom anna er Medietilsynet beden om å vurdere tildelingskriterium, endringar i konsesjonsområde, konsesjonsavgift for einskilde større kommersielle radioar og ulike andre forskriftsendringar.

Medietilsynet legg opp til konsultasjonar med bransjen og høyringar om sentrale endringar i høve til dagens rammevilkår i løpet av hausten. Etter planen vil høve til å søkje konsesjon for drift av lokalradio for ny periode bli lyst ut på nyåret 2007. Medietilsynet forventar at sjølve konsesjonstildelingane kan skje sommaren 2007.

På bakgrunn av det utgreiingsarbeidet Medietilsynet no er inne i, kan ikkje lokalradioaktørar i den forholdsvis korte perioden som gjenstår av inneverande konsesjonsperiode, forvente å få handsama søknader om konsesjon, søknader om konsesjonsoverføring, søknader om områdeendringar o.a. med mindre det ligg føre heilt spesielle omstende.

Medietilsynet har tilskrive alle lokalradiokonsesjonærane og orientert om det føreståande arbeidet med ny konsesjonsperiode. Samstundes har Medietilsynet formalisert Kultur- og kyrkjedepartementet si tidlegare avgjersle om å forlenge inneverande periode med eitt år til 31. desember 2007 ved å treffe enkeltvedtak om dette i høve til kvar einskild konsesjonær.


Vil du høre mer på radio? - Kjøp radio her!
TIPS ANDRE OM DENNE SAKEN
Til E-post-adresse:



 Se også:

Skremte nesten livet av lytterne
01.09.06

 Søk i Radionytt:


powered by FreeFind

 Nyhetsbrev

Hold deg oppdatert med radionytt.no,s nyhetsbrev.

NYHETSBREV

 Tips oss:

Har du et nyhetstips?

Post@radionytt.no



 Annonsere:

Er du interessert i annonsere på radionytt.no?

Annonse-Info