Nyheter - Innenriks:
TILBAKE TIL.....INNENRIKS 2007    SISTE NYTT...INNENRIKS   UTENRIKS

Podcaster partilederutspørringene

Kanal 24 satser på Podcasting under årets valgkamp



- RADIONYTT.NO - 16.05.07 - Kyrre Dahl
Pressemelding: Kanal 24 inviterer for første gong til partileiarutspørjing i samband med kommujnestyre- og fylkestingsvalet 10.september. Utspørjingane skjer i august i Nyheitspuls 17 med programleiar Thomas Alsaker. Vi ynskjer å gjere partileiarutspørjingane tilgjengelege for flest mogleg. I tillegg til å sende dette direkte på radio, vil folk kunne podcaste utspørjingane for første gong i Noreg, seier nyheitsredaktør Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Kanal 24 vi også gi lyttarane høve til å stille spørsmål til partileiarane. - Partileiarutspørjinga skal vere for lyttarane, for veljarane, og ikkje for journalistane. Kanal 24 synest det er svært viktig at veljarane får stille direkte spørsmål om det dei lurer på.

Kanal 24 vil også ha eit tett samarbeid med Nettavisen. Partileiarane er også inviterte til å stille på nett-treff i bakkant. Radiointervjua vert også lagt ut på Nettavisen. Nyheitspuls 17 får stadig fleire lyttarar. Programmet har hatt ein stor auke i lyttarskaren i 2007. - Det er svært gledelig at våre mest innhaldstunge program treff så godt i marknaden. Vi er stolte av at Nyheitspuls 17 er ein vesentleg bidragsytar til at Kanal 24 aukar, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Nyheitspuls 17 fekk nye fredagskommentatorar denne våren. Abid Q. Raja, Håvard Kleppa, Kristin Undheim og Beate Nossum skal fortsetje å servere skråe kommentarar til nyheitsbiletet kvar fredag.

Kilde: Kanal 24




Vil du høre mer på radio?

Klikk her for å kjøpe radio


Vi samarbeider med Best-Buy, som er Experts nettbutikk.
TIPS ANDRE OM DENNE SAKEN
E-post:







 Se også:

Slutt på tomme løfter
15.05.07

 Søk i Radionytt:


powered by FreeFind

 Nyhetsbrev

Hold deg oppdatert med radionytt.no,s nyhetsbrev.

NYHETSBREV

 Tips oss:

Har du et nyhetstips?

Post@radionytt.no



 Annonsere:

Er du interessert i annonsere på radionytt.no?

Annonse-Info


 TVNytt.no: