Medietilsynet gir SBS Radio forhåndstillatelse til å overta Kanal 24.
Tilsynet mener at det nye eierskapet ikke medfører noen problemer i forhold til diverse lover. Se pressemeldingen
nedenfor:
Medietilsynet har gitt SBS Belgium N.V og SBS Radio AS førehandsklarering for kjøp av aksjar i Kanal 24 AS frå TV 2 AS. Kanal 24 AS har konsesjon til å sende riksdekkjande kommersiell radio.
Med heimel i medieeigarskapslova § 9 fyrste ledd kan Medietilsynet gjere inngrep mot overdraging av aksjar i føretak som driv dagspresse eller kringkasting, dersom kjøparen har eller får ei monaleg eigarstilling i mediemarknaden nasjonalt eller regionalt, og eigarstillinga er i strid med lovføremålet. Føremålet med lova er å fremje ytringsfridomen, dei reelle ytringsmoglegheitene og eit variert medietilbod.
Etter medieeigarskapslova § 12 kan aktørar be om førehandsklarering av oppkjøp i eit medieføretak før avtalen vert gjennomført. Føremålet er at partane i avtalen skal kunne vere sikra at Medietilsynet ikkje vil gripe inn.
Lova inneheld ikkje eigarskapsgrenser for radio på regionalt nivå. Problemstillinga i saka var difor om det aktuelle oppkjøpet fører til at kjøparen har eller får ei monaleg eigarstilling i marknaden for radio på nasjonalt nivå. Etter Medietilsynets vurdering er det klårt at oppkjøpet ikkje fører til overskriding av eigarskapsterkslane i denne marknaden. SBS Belgium N.V og SBS Radio AS får difor ikkje ei monaleg eigarstilling i den nasjonale marknaden for radio.
SBS Belgium N.V er aktiv i det norske medielandskapet gjennom sin eigarpost i SBS Broadcast Norge AS, som eig 100 prosent av aksjane i TVNorge AS. Medietilsynet kan heller ikkje sjå at det aktuelle oppkjøpet fører til overskriding av tersklane i medieeigarskapslova for multimedie- eller krysseigarskap.
Førehandsklarering etter medieeigarskapslova omfattar ikkje samtykke til konsesjonsoverdraging. Søknad om konsesjonsoverdraging må avgjerast av Kultur- og kyrkjedepartementet.
Radionytt.no samler ikke inn informasjon, med unntak av nyhetsbrev som krever aktiv innmelding, se nedenfor. Radionytt.no bruker
imidlertid tredjeparts annonsører som kan legge igjen en cookie på din datamaskin. Vi har bevisst valgt bort personifisert reklame. Kontakt