Medietilsynet har bestemt seg for å sanksjonere mot Kanal 24 på grunn av
ikke tilfredsstillende nyhetssendinger. Dette skjer til tross for kraftige protester fra Kanal 24, les pressemeldingen nedenfor:
- Medietilsynet har i vedtak av 3. mars 2008 gitt Kanal 24 åtvaring for brot på konsesjonsvilkåret om utvida nyheitssendingar.
Medietilsynet varsla Kanal 24 i brev den 11. februar 2008 om sanksjon for brot på dette kravet. I sitt tilsvar seier Kanal 24 at dei er av den oppfatning at kanalen også i denne ekstraordinære perioden leverer ei fullverdig nyheitsteneste, som faktisk er meir omfattande enn dei krava som fylgjer av konsesjonen. Kanal 24 meiner Medietilsynet legg ei for streng tolking til grunn i si vurdering, og er blant anna ueinig med tilsynet i at dei utvida nyheitssendingane må være eigenproduserte.
Etter Medietilsynet si vurdering er kravet til eigenproduksjon viktig ettersom det er gjennom eigenproduserte nyheiter Kanal 24 kan bidra til eit variert og mangfaldig nyheitstilbod. Tilsynet presiserer at kravet til eigenproduksjon er særleg viktig når det gjeld dei utvida nyheitssendingane. Dette fordi det er gjennom desse sendingane det kan gjevast størst rom for kritiske, analytiske og fordjupande perspektiv, der lyttarane kan gjevast betre bakgrunnsinformasjon og forståing for det som skjer.
Kanal 24 vert difor ilagt sanksjon i form av ei åtvaring for brot på konsesjonen § 3-3 bokstav a).
Medietilsynet vil fylgje nøye med på Kanal 24 sine nyheitssendingar i tida framover. I den samanhangen gjer ein merksam på at også tvangsmulkt er eit sanksjonsmiddel Medietilsynet rår over i sitt jamlege tilsyn med at allmennkringkastarane held sine plikter.
Radionytt.no samler ikke inn informasjon, med unntak av nyhetsbrev som krever aktiv innmelding, se nedenfor. Radionytt.no bruker
imidlertid tredjeparts annonsører som kan legge igjen en cookie på din datamaskin. Vi har bevisst valgt bort personifisert reklame. Kontakt