Pressemelding: NRK P2 startar 2009 med nye program og nytt sendeskjema. Kanalen vil mellom anna by på eit daglig litteraturprogram og nytt musikkprogram. - Vi blir både breiare og djupare, seier P2-sjef Herborg Bryn.
NRK P2 fornyar og utvidar litteraturtilbodet. Nyskapinga får namnet Bok i P2 og skal sendast måndag til fredag klokka 17 og 23. Bilde: Arild Jonsjord, Marta Norheim og Anne Cathrine Straume er blant dei som skal lage Bok i P2. (Foto: NRK/Ole Kaland)
- P2 skal bidra til fordjuping og refleksjon. Vi nordmenn er glade i å lese bøker. Derfor er det naturleg for oss å tilby Bok i P2 kvar dag, seier kanalsjef Herborg Bryn. Bok i P2 skal omtale bøker, intervjue forfattarar, og analysere dei klassiske verka. Programmet skal sjølvsagt ta for seg både norsk og internasjonal litteratur.
Kvar morgon klokka 09 inviterer vi lyttarane til Midt i musikken. Kvar veke skal dette nye programmet tar opp ulike tema som skal illustrerast med relevant musikk frå sjangrane klassisk, jazz, verdsmusikk, folkemusikk og viser.
Mange av dei kjende programma i P2 får også ny sendetid. Eit av dei er Radioselskapet. Det populære programmet blir frå nyttår sendt på føremiddagen med utvida sendetid måndag til fredag klokka 11 til 1230. Kvar ettermiddag frå klokka 16 til 17 serverer Kulturnytt siste nytt frå kulturfronten.
- Målet med fornyiinga er å gjere programtilbodet i P2 meir komplett. Det er også lettare å finne fram i det nye sendeskjemaet, seier Bryn. Endringane trer i kraft frå måndag 5. januar.
Radionytt.no samler ikke inn informasjon, med unntak av nyhetsbrev som krever aktiv innmelding, se nedenfor. Radionytt.no bruker
imidlertid tredjeparts annonsører som kan legge igjen en cookie på din datamaskin. Vi har bevisst valgt bort personifisert reklame. Kontakt