Medieklagenemnda har gitt Medietilsynet medhald i ei klagesak der tilsynet avslo ein søknad om nisjeradiokonsesjon
på frekvens 105,8 i Oslo.
Tilsynet grunngav vedtaket med at det ikkje var ledig sendetid på frekvensen.
Ifølgje kringkastingsforskrifta kan ikkje lokalradioane miste sendetid som allereie er fordelt, med mindre dei er samde om å endre på sendetidsfordelinga.
I denne saka var det ikkje slik semje blant lokalradioane på frekvensen, og tilsynet hadde derfor ikkje grunnlag for å gi fleire konsesjonar.
Medieklagenemnda samtykte i Medietilsynet sine vurderingar og la vekt på omsynet til føreseielegheit for eksisterande lokalradiokonsesjonærar.
Medieklagenemnda er frå 1. juli 2011 klageorgan for Medietilsynet sine vedtak, blant anna på lokalkringkastingsområdet.
Radionytt.no samler ikke inn informasjon, med unntak av nyhetsbrev som krever aktiv innmelding, se nedenfor. Radionytt.no bruker
imidlertid tredjeparts annonsører som kan legge igjen en cookie på din datamaskin. Vi har bevisst valgt bort personifisert reklame. Kontakt