Line Fuglehaug i P4 er tildelt Alf Hellviks mediemålpris 2012 for sin bruk av nynorsk på radionyhetene.
Dette er begrunnelsen til juryen:
”Line Fuglevik får prisen for å ha vore trufast nynorskbrukar gjennom mange år i ein kommersiell radiokanal. Line Fuglehaug har halde seg til normert nynorsk i eit bokmålsmiljø. Ho har hatt få å diskutere språket sitt med i redaksjonen og har dermed måtta stola på seg sjølv og eigne vurderingar.
Line Fuglehaug er ei viktig røyst i eteren i den kommersielle medieverda der det store fleirtalet brukar bokmål. P4 sitt mål er å vere ein radiokanal som alle nordmenn skal kjenne seg heime i, og Line Fuglehaug er med sin nynorsk med tonefall frå Voss viktig for at også lyttarar i distrikta skal identifisere seg med kanalen.
Det er føresetnad for vårt nasjonalspråk at det breie lag av samfunnet les og høyrer normert nynorsk. Dette har også mykje å seie for at nynorsken i seg sjølv skal vere eit levande og vitalt språk, både skriftleg og munnleg.
Line Fuglehaug framfører nyhende med kraft og autoritet og er ein viktig språkpolitisk kulturberar i P4. ”
Fuglehaug seier dette om å motta prisen:
-Det var ei svært gledeleg overrasking å motta prisen, og eg set stor pris på merksemda. Eg har vore svært medviten på å halde på nynorsken i alle dei 19 åra eg har jobba i ein bokmålsprega riksradio og ser på prisen som eit prov på at eg har klart det. Og sjølv om eg no skal prøve meg på nye arbeidsoppgåver utanfor radio vil eg halde fram med å nytta nynorsk i formidlinga - det har min nye arbeidsgjevar Sjukehuset Innlandet stilt seg positive til.
Fuglehaug som kjem frå Voss har arbeidd i P4 sidan oppstarten i 1993, og gjekk 1.april 2012 over til nytt arbeid.
Nemnda som deler ut Alf Helleviks Mediemålpris er samansett av leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Harald Stanghelle og Ingvild Bryn. Tildelinga er samrøystes. Prisen er på 10 000,-
Radionytt.no samler ikke inn informasjon, med unntak av nyhetsbrev som krever aktiv innmelding, se nedenfor. Radionytt.no bruker
imidlertid tredjeparts annonsører som kan legge igjen en cookie på din datamaskin. Vi har bevisst valgt bort personifisert reklame. Kontakt