Pressemelding: – Radioane sine bidrag til det norske mediemangfaldet er viktig. Det er Medietilsynet si oppgåve å bidra til dette mangfaldet, seier Gudbrand Guthus, direktør for konsesjon og tilsyn i Medietilsynet.
– Med retten til å sende radio følgjer også plikter som skal bidra til at mangfaldet kan oppnåast på best mogeleg måte. Medietilsynet arbeider no for at radioane følgjer opp desse pliktene, seier Gudbrand Guthus.
Medietilsynet sender i desse dagar brev til alle med konsesjon til riksdekkjande radio og lokalradio for å minne om viktige køyrereglar. Informasjonen vil bidra til at radioane sjølv kan gjennomgå rutinane sine for å sikre at reglane blir etterlevde. I løpet av året vil eit utval radioar bli følgde opp med ein kontroll.
Radionytt.no samler ikke inn informasjon, med unntak av nyhetsbrev som krever aktiv innmelding, se nedenfor. Radionytt.no bruker
imidlertid tredjeparts annonsører som kan legge igjen en cookie på din datamaskin. Vi har bevisst valgt bort personifisert reklame. Kontakt