Pressemelding fra Medietilsynet:
Ingen konsesjonærar har motteke varsel etter Medietilsynet sin kontroll med inntektsgrensene for nisjeradioar 2012. Fleire av konsesjonærane har derimot levert informasjonen lenge etter at dei eigentleg skulle.
Nisjeradioar kan i samsvar med kringkastingsforskriftene ha inntil kr. 135 000, - per driftsår i reklame- og sponseinntekter, eller maksimalt 40 prosent av verksemda sine samla inntekter i driftsåret. For at tilsynet skal kunne kontrollere detta, er nisjeradioane dei siste par åra blitt bedd om å sende inn skjema der dei rapporterer kor mykje dei tente på reklame og sponsing i året som gjekk.
Skjemaet skulle eigentleg ha vore levera 1. juni 2012, men det var fleire av konsesjonærane som ikkje fylgde dette. Fyrst i desember hadde Medietilsynet motteke alle skjema dei sendte ut. Etter å ha lese gjennom dei skjema som har vore motteke, fann tilsynet ikkje nokon grunn til å sende varsel til nokre av konsesjonærane.
Radionytt.no samler ikke inn informasjon, med unntak av nyhetsbrev som krever aktiv innmelding, se nedenfor. Radionytt.no bruker
imidlertid tredjeparts annonsører som kan legge igjen en cookie på din datamaskin. Vi har bevisst valgt bort personifisert reklame. Kontakt