Radionytt.no presenterer de nominerte til årets radiotalent under Prix Radio 2015:
Navn: Elise Askeland Farestveit
Alder: 23
Bosted: Bergen
Stilling: Reporter og nyhetsanker
Stasjon: Radio Norge
1. Hva betyr radio for deg?
Mykje! Heilt frå eg var liten har eg vore glad i radio. Som 8-9-åring sat eg heime på jenterommet med kassettspelaren min og laga ”sendinger” der eg fungerte både som nyhetsopplesar, programledar, DJ og innringar. Siden den gong har det vore ein drøm å jobbe med radio, så det er stort for meg å få lov å gjere det i dag. Radio er både selskap, underholdning og fint å ha i bakgrunnen. Dessuten er eg ein av dei som meiner at dei beste bilda kan skapast på radio. Ei spennande plattform i stadig utvikling.
2. Hvordan kom du inn i radiobransjen? Eg studerte journalistikk i Volda, og med radio som spesialisering fekk eg prøvd meg mykje i studio og som reporter. I praksisperioden min var eg i NRK P3nyheter i to månader, og hadde sommarjobb der etter eg var ferdig med studiene. Etterpå flytta eg heim igjen til Vestlandet for å vere med då Radio Norge flytta nyhetsavdelingen sin til Bergen.
3. Hvem er dine radioforbilder? Lar meg inspirere av folk som brenn for og har peiling på det dei driv med, både faglig og teknisk. Berit Hedemann, Kari Slaatsveen, Sigrid Sollund, Ronny Brede Aase, Siri Kristiansen og Christine Lossius Thorin er alle forbilder og herlige å høyre på. Og så er eg jo så heldig å få jobbe med mange flinke folk – deriblant Jakob Arvola, han er veldig flink og også eit forbilde.
4. Hva har du gjort så langt i din radiokarriere? Eg har stort sett jobba med nyheter, både i P3 og Radio Norge. Har prøvd meg som reporter – både utegåande og frå desk, nyhetsanker og vaktsjef. Trives veldig godt med å arbeide med nyheter: saker som er dagsaktuelle, utviklar seg og engasjerer.
5 Hva hører du på selv, når du ikke er på jobb? Radioen er med meg frå eg drikk kaffi før jobb om morgonen og omtrent til eg legg meg igjen om kvelden, så eg høyrer på litt av kvart. Som regel står P3, P13 eller Radio Norge på heime hos meg. Ellers er eg glad i Radiodokumentaren, og Radioresepsjonen er alltid god stemning.
Radionytt.no samler ikke inn informasjon, med unntak av nyhetsbrev som krever aktiv innmelding, se nedenfor. Radionytt.no bruker
imidlertid tredjeparts annonsører som kan legge igjen en cookie på din datamaskin. Vi har bevisst valgt bort personifisert reklame. Kontakt