I går ble Kringkastingsprisen 2019 delt ut på direkten på P3Morgen. Mottaker var ingen ringere enn Ronny Brede Aase, mangeårig programleder i P3Morgen, av styreleder i Kringskastingsringen, Kathrine Nygård:
- Aase har vore ein tydeleg og viktig ambassadør for nynorsk i mange år. Svært mange møter nynorsk berre gjennom NRK, og særleg ungdom manglar språklege førebilete. Det er difor uråd å overdrive innsatsen Ronny har gjort gjennom neste tre tusen sendingar på P3morgen. Han vil bli sakna, sa Nygård under sendingen.
Begrunnelse:
Kringkastingsringen er ein liten medlemsorganisasjon som elskar radio og som elskar nynorsk. Aller mest elskar me nynorsk på radio.
I dag er me her for å dele ut Kringkastingsprisen, moglegvis den aller gjevaste prisen av dei alle. I meir enn 40 år har prisen gått til journalistar som konsekvent nyttar dialekt eller nynorsk på ein framifrå måte.
I år går prisen til ei av dei trivelegaste røystene i eteren – som på ein framifrå måte brukar dialekt OG nynorsk i det daglege arbeidet. Den går til førdianaren som har losa oss gjennom nesten 3000 morgonar på klingande sunnfjordsdialekt. Gjennom si openheit og stoltheit for dialekta, har han vore med på å gjere mange andre unge stolte over språket sitt og heimstaden sin.
Vinnaren har allereie fått det som finst av nynorske medieprisar, og med denne er det full pott på nynorskpris-fronten. Me føyer oss no inn i rekka av dei som vil prise din kjærleik til ditt språk og di dialekt. Me i Kringkastingsringen vil takke deg for at du gjev eit ansikt til nynorsken og til Sogn og Fjordane, berre gjennom å vere deg sjølv.
Kringkastingsprisen 2019 går til The Voice of Norway, heile Noregs stemme eller på samisk Olles Norgga Jietna – Ronny Brede Aase. Gratulerer!
Radionytt.no samler ikke inn informasjon, med unntak av nyhetsbrev som krever aktiv innmelding, se nedenfor. Radionytt.no bruker
imidlertid tredjeparts annonsører som kan legge igjen en cookie på din datamaskin. Vi har bevisst valgt bort personifisert reklame. Kontakt