NRK Radio sender ikke nok nynorsk

Radionytt.no - 15.06.2022 - Kyrre Dahl

NRK skal ha minst 25 prosent nynorsk på tv, radio og nett, og prosentkravet må være oppfylt for hver enkelt plattform. Det er det ikke for radio og nett.


Foto: NRK

I 2021 ble nynorsk-kravet oppfylt på TV, mens radio og nett hadde bare 22,7 og 19 prosent nynorsk. På radio ble kravet brutt også i 2020, ifølge en rapport fra Medietilsynet. (Resten av artikkelen er på nynorsk!)

– Vi ber no NRK om ein konkret plan for korleis nynorsk-kravet skal bli nådd for alle plattformer, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet i ein pressemelding.

– Medietilsynet har ved fleire tilfelle understreka at NRK må gjennomføre systematiske tiltak for å nå kravet på 25 prosent nynorsk på alle medieplattformer. Sjølv om NRK arbeider med tiltak for å auke nynorskandelen, og andelen nynorsk auka noko på nett i fjor, vurderer vi at det tar for lang tid, seier Velsand.

Bortsett frå nynorsk-kravet konkluderer Medietilsynet med at NRK leverte godt på samfunnsoppdraget gjennom 2021. NRK skal oppfylle rundt 50 krav i allmennkringkastingsoppdraget, som er utforma for å sikre eit breitt og kvalitativt godt tilbod til heile befolkninga.

Nyheiter, aktualitetar og kulturstoff for både breie og smale grupper er blant innhaldet NRK skal levere. Vidare skal NRK spegle mangfaldet i befolkninga og bidra til utdanning og kunnskap, skape arenaer for debatt, tilby innhald som er produsert i og tar utgangspunkt i distrikta og formidle ein brei variasjon av norsk kultur og norske kunstuttrykk. NRK har også ei særskild rolle i å tilby ei brei og balansert dekning av politiske val.

  • Flere nyheter om: NRK Radio
  • Følg oss:     -  RSS:


    Annonse