Pressemelding:
Medietilsynet har i dag sendt høyringssvaret sitt om framtidige rammevilkår for lokalradio til Kulturdepartementet.
Forlenging på fem år framfor ny utlysing på FM
Medietilsynet meiner at dei gjeldande lokalradiokonsesjonane bør forlengjast med fem år etter utløpet 31. desember 2016. Forlenginga bør ha ei viss lengd for å sikre stabilitet for bransjen. Vi meiner at dei individuelle innhaldskrava til konsesjonane bør slettast ved ei slik forlenging. Dette sikrar likebehandling med aktørane som blir distribuerte på DAB+, og vil gjere radioane betre økonomisk rusta til å møte digitaliseringa.
Framleis krav til radiotypane
For å kunne forsvare at dei tre radiotypane består: 24/7-radio, allmennradio og nisjeradio, med tilhøyrande rett til sendetid, meiner tilsynet at det framleis bør gjelde visse krav. Medietilsynet foreslår derfor å vidareføre minstekravet til å sende 30 minutt med nyheits- og aktualitetsstoff frå konsesjonsområdet for 24/7- og allmennradioane. Dette vil sikre ei lokal forankring av radioane. På den andre sida foreslår vi å vidareføre inntektsgrensene for nisjeradioane, men at dei blir heva noko frå dagens nivå. Utbytteforbodet for nisjeradioar bør bestå for å sikre at inntektene kjem radiodrifta til gode.
Ny utlysing på FM bør skje ved auksjon
Dersom det vil bli ei ny utlysing av analoge radiokonsesjonar på FM, meiner Medietilsynet at dette bør bli gitt gjennom auksjon. Der det ikkje er fleire søkjarar bør konsesjonen bli gitt direkte til søkjaren dersom denne oppfyller minstekrava. Medietilsynet peikar på ei rekkje premissar som må bli avklara rundt ein eventuell ny konsesjonsperiode i høyringsfråsegna.
Desse radioane bør sløkkje samtidig som dei riksdekkjande
Medietilsynet held fast ved forslaga til kva område og radioar som ikkje bør kunne fortsetje på FM etter teknologiskiftet. Dette omfattar dei kommersielle radioane i Oslo, Stor-Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim, i tillegg til Askøy og Nesodden. Tilsynet finn ikkje grunn til å inkludere andre randsoneområde. Ein fullstendig oversikt finn du i Delrapport I til Kulturdepartementet av 15. september 2014.
Medietilsynet tilrår at nisjeradioane sjølv bør kunne velje om dei ønskjer å fortsetje å sende på FM. Dette gjeld uavhengig av om dei sender i storbyane eller ikkje. For å unngå omgåingar av regelverket, meiner tilsynet at det vil vere behov for eit totalforbod mot sam- og vidaresending i dei områda som blir omfatta av sløkkjinga.
Pengeauksjon på DAB+
>Når det gjeld verkemiddel for å leggje til rette for lokalradio i DAB-nettet, opprettheld Medietilsynet dei tilrådingane som blei lagde fram i Delrapport II til Kulturdepartementet. I rapporten blir pengeauksjon tilrådd som den beste metoden for tildeling av anleggskonsesjonar og frekvensløyve i Lokalradioblokka. I område utan konkurrerande interessentar foreslår vi direktetildeling.
Sikring av mindre lokalradioar på DAB+
Medietilsynet tilrår at det blir reservert kapasitet for dei mindre, ikkje-kommersielle radioane i Lokalradioblokka på DAB+ mot betaling av ein fastpris. Medietilsynet tilrår også at systemet for tildeling av innhaldskonsesjonar på DAB+ som har blitt nytta i prøveperioden, blir vidareført ved tildeling av innhaldskonsesjon i Lokalradioblokka også etter 2017.
Radionytt.no samler ikke inn informasjon, med unntak av nyhetsbrev som krever aktiv innmelding, se nedenfor. Radionytt.no bruker
imidlertid tredjeparts annonsører som kan legge igjen en cookie på din datamaskin. Vi har bevisst valgt bort personifisert reklame. Kontakt